Baker- og konditorlandslaget
Meny

Intervju Trude Beate Brendehaug

Hvor i landet kommer du i fra?
Eg kjem frå ei lita bygd ved navn Hellevik i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.

Hvor tok du svennebrevene dine?
Eg tok mitt første svennebrev som konditor ved Baker Brun Produksjon AS i Bergen, og svennebrevet som bakar tok eg året etter ved Godt Brød Grünerløkka her i Oslo.

Hvorfor valgte du å bli baker og konditor?
Eg har så lenge eg kan hugse vore interessert i og fascinert av konditoryrket og visste tidleg at det var dette eg skulle bli. – Eg har alltid likt å jobbe med, og ikkje minst «skape», med hendene. Dermed vart det òg naturleg for meg å bli bakar. Bakar- og konditoryrket utfyller kvarandre og kombinasjonen av dei begge gir meg stor variasjon og utfordring samt breiare fagleg kompetanse. – Gjennom Bakarlandslaget får eg ei unik moglegheit til å aktivt jobbe meg begge fag, eit ønske eg har hatt lenge.

Hva var det som gjorde at du ville bli med på landslaget?
Eg har alltid hatt ærefrykt for deltakarane på Landslaget og jobben dei gjer. Eg er lidenskapleg opptatt av faga mine og ønska å bli med på landslaget for å utvikle meg vidare, bli fagleg sterkare, utfordre meg sjølv og rett og slett lære av dei aller beste. 

Hvordan ble du rekruttert?
Eg vart spurt! Og etter eitpar samtalar var eg ein del av Bakarlandslaget. – Utruleg gjevt å få den moglegheita! 

Hvor har du hatt ditt beste cafe eller konditori-besøk?
Eit besøk hos Pascal står alltid til forventningane. 

Har bakeryrket levd opp til forventningene dine?
Absolutt, over all forventning. Eg har lært mykje meir enn først forventa, og gjennom Bakarlandslaget kjem eg til å lære utruleg mykje meir! Bakarfaget er eit høgst spennande og fantastisk yrke.

Hvilke fagområder ønsker du å bli bedre på?
Eg ynskjer å bli betre på alle fagområder om mogleg, ein blir aldri utlært!

Har du en faglig prestasjon du er stolt av?
Eg er stolt over å ha mottatt svenneprøvemedalje for min faglege prestasjon på bakarsvenneprøven min i 2013.

 

 

Kalender

Se flere aktiviteter

Trude_Beate_Brendehaug

CV Trude Beate Brendehaug

Bosted: Oslo

Født: 13.06.1990.

Deltager på Bakerlandslaget siden: 2016

Utdanning: Baker og konditor

Nåværende stilling: W.B Samson Oslo

Bakerlandslagets utøvere